turid skjelten

through my eyes

FØR


Før
– tok du handa mi
Eg kjende deg ikkje,
men vi rørte ved kvarandre
Det gjorde oss nær
og då vart du ein av mine

Før
– holdt du handa mi
då eg var redd og einsam
Du strauk med over ryggen
Eg kjende støtta du gav

Før
– ein klem etter endt meistring
Vi hadde fullført
saman
Vi feira
Vi vart ein

Før,
men ikkje no
Det er så underleg
når før
berre er månadar sidan

Dei seier
hald avstand
Eg gjer som dei seier
Det er kaldt no



2020/10/09 Posted by | ikke kategorisert | 1 kommentar